Med
kleda ein tar på seg, viser ein kven ein vil vere. Slik var det på
Arne og Hulda si tid, og slik er det i dag. Om Hulda sitt draktarbeid. Og kva
verdi og tyding klede har i bøkene til Arne og Hulda.

Om
venene til Hulda og Arne og miljøa dei vanka i. Om då Arne skulle
kjøpe revolver i Paris. Kristianiabohemane sine bøker vart brende
på bål og forbodne. Kvifor vert bøker og andre kunstverk
sensurerte og forbodne?

Om
oppveksta til Arne og Hulda. Arne elska bøker og trossa bakgrunnen sin.
Han vart bondestudent i Kristiania. Det var viktig for Arne og Hulda at Noreg
skulle bli fritt i 1905. Men dei mente den norske kulturen heile tida er i endring.
Dei var internasjonale.

Om
kjærleik i livet og romamane til Arne og Hulda. Om frie forhold, ulovlege
forhold og mystiske forhold. Skilsmisse, prevensjon, abort og prostitusjon.

Kor
skal ein eigentleg bu? I bygda der ein kjem frå, eller i byen? Kva er
eigentleg "heime"? Er det sant at "home is where the heart is"?
eller er heime der ein bur no? Arne og Hulda flytta og reiste mykje. Personane
i bøkene deira strevar også med å finne seg til rette.

Kva
tyder det eigentleg å eta?
Om Hulda og Arne sine tankar rundt mat og matlaging i kokebøker og romanar.
Om Hulda sin crossover-mat og dynamiske heimestell.

Arne
Garborg streva med trua på Gud.
Han klarte ikkje heilt å tru på han. Men Jesus var ein helt for
han, ein opprørar. Garborg var "fritenkjar" og anarkist, ein
som tenkte fritt og gjekk sine eigne vegar. Hulda var insirert av buddhismen
og islam. Ho var internasjonal, og henta inspirasjon i utlandet til kulturarbeidet
ho trudde på.
